Til familien Lien
Aldri har vel trafikken vore slik i Liavegen så mange biler og så mange blomster så mange medfølende mennesker
Det er noko spesielt med denne heimen der vegger er spekka av kjærleik Du ser - du kjenner at her er det godhet som råder - menneske er til for kvarandre Utan sjøl å vera nærast - vert ein møtt med slik åpenhet og varme Alle vert det hjå Lien - alle får varme klemmer - alle får høyre om den flotte og høgt elska gutens kamp desse siste år Også om den omsorg han hadde for andre - om humor og kreativitet På tross av all tryggleik og all godhet han møtte der vart livet for vanskeleg å leva Den psykiske lidelsen - ei bør han ikkje greide bera lenger Foreldra såg - dei visste meir enn nokon korleis han sleit her i livet For den åpenhet i denne relasjon den var så flott og unik Ingenting er usnakka der, ingen forstår slik som dei Så midt i det grusomme savnet - dei greier å unne han kvila "Vi respekterer det valg han har tatt" Det krev mot det veit me alle - å ta dette drastiske steg Men la oss alle respektere og vite han nå kviler i grøne enger Han har funne den etterlengta freden Ingen forstyrrande tankar eksisterer der kun gode tankar - og mon tro ei fiskestang... I undring og beundring eg ser ein familie med den største styrke det å klare og dele sorgen med så mange vise korleis det kjennest - våge å vera nær Trur de har lært meg masse kjære Liv Esther & Jens Olav om det å vera sant menneske! Phil Bosmans han seier at trøst består ikkje av ein flom av ord men er som ei mild salve på eit djupt sår - og som ei mjuk hand på hodet ditt som gir deg ro Må de få kjenne det slik i dagane som kjem den gudgitte ro, dette sterke nærvær
Gunni
(Gjengitt med tillatelse fra avsender)
|