HER VIL VI LEGGE UT ET LITE UTVALG AV HILSENER VI HAR FÅTT ETTER AT LARS DØDE. ORD FRA FAMILIE, VENNER OG BEKJENTE SOM HAR BETYDD MYE FOR OSS, KANSKJE KAN DE VÆRE TIL TRØST FOR ANDRE OGSÅ -
"HVIS SORGEN IKKE FÅR ORD, FRYSER DEN FAST".
Familien
Haldis Moren Vesaas:
Var der da ikkje ei einaste hand som rette seg ut etter di den gang da grunnen under din fot for alvor tok til å gli -? No står vi her tomhendte alle i hop og ser mot ei attlæst dør. Vi skulle ha bydd deg all varme vi eig. Vi skulle ha gjort det litt før.
Den einsame gjekk frå si einsemd til slutt. Den frosne har frose i hel. Var der da ikkje på jorda ein som kunne ha stått di sjel så nær at han vàrde deg med sin eld mot kulden? - Din død gir svar. Du stod nok og såg deg ikring før du gjekk, men eld vart du ingen stad vàr.
Så mange blir drivne i døden no som berre mot livet trår. Men du var ein døds-friviljug. Du bøyde deg, trøytt og sår, mot døden og bad at du måtte bli løyst, og no har han gjort som du bad. Ein "takk" var vel siste òm av di røyst da varsamt han bar deg av stad.
Vi veit det: Vi skal ikkje sørgje for di skuld. Du sjølv har vàlt. Det er berre det: No når du har sløkt sansar òg vi kor kaldt det kjennest ikring oss. Det var just deg vi ville hatt med oss i kveld, og frysande, einsame søker vi inn mot det du har skapt av eld.
Skrevet da Karin Boye tok sitt eget liv, mai 1941
|