Lars Liens Minnefond

Lars på fisketur
13. august 2007

Foreningen til Lars Liens minne
(Lars Liens Minnefond)
Liavegen 60
3576 HOL
 

E-post:
foreningentil.larsliens.minne@gmail.com


Kontonr.
2333 33 53253

Dikt av Lars

Lars var kreativ, tenkte mye, likte godt å skrive og tegne. Disse diktene er hentet fra "Ramp Lyrikk" som han
skrev på barneskolen, og fra diktboka som han ga bort jula 1997. En kan undres over hvor han fikk alle sine artige tanker fra, men han var jo en observatør i livet som funderte på så mangt...


DEN NYE GUTEN I GATA


Du er så stille.
Du berre står der, musestilt.
Du har olajakke.
Og kort mørkt hår.
Og diger nase.
Og gummistøvlar.
Og ein fotball i handa.
Deg har eg lyst til og
bli betre kjend med.



DO`N

NO SIT EG PÅ DO
OG DO'N HEITER JON
SO NO DRIT EG I JON
SOM ER DO'N...


GODLUKT

Teikneseriar

   luktar fart og

spenning.

    Søndager

luktar som ein deileg

fjelltur.


GOFFA`N MIN

Han goffa er ein eldre kar
som er både snill og rar.
Han heldt seg gødt
te so gamal å vera
fylgjer med på det
som skjer i verda.
Tenkjer på uss unga'n
og på gommo'n vår
eg håpar han goffa
mange gode år får!


GORILLAEN

GORILLAEN E' EIN KRAFTIG KAR
HAN KAN VERA SKIKKELEG RAR..
HAN ET BANANAR OG KLØR SEG I HUE'
STUNDO KLØR'N SE MIDT I FUE ;)


KAOS

ME ET IS
ISEN SMELTAR
BOKSEN VELTAR
TELEFONEN RINGER
PAPPA SPRINGER
FOR Å NÅ'N
DET VAR YNGSTE SON



LYKTESTOLPEN

Lyktestolpen er ein artig skrue
han står naken
når eg går med lue.
Lyktestolpen, hundanes beste ven
hundane stoppar
og tissar på den.


MJUKT - HARDT

Kva er det som er mjukt?
Ei hovudpute i ei gamal seng.
Ein mosedott,
ein ullvott.
Eit menneskjehår
eit bamselår.
Og graset på ei aude eng -

Kva er det som er hardt?
Ein gråstein på ei steinrøys.
Ei jernstong
ei tannlækjartong.
Og ein flintstein frå Danmark.


OLA GASSMANN

No liggen' Ola
og drøyme so søtt
det smell baki fue'
stadig og støtt..

Ola har avtale
med USA
nervegassen til Ola
må dei ha
når dei Saddam Hussein
skal ta!


PONDUSEN TIL PAPPA

HAN ER STOR OG FIN
MYKJE STØRRE ENN MIN.
PAPPA HAR BEGYNT PÅ SLANKEKUR
DEN GJER HAN SVOLTEN OG SUR


STRIPETE DIKT

SEBRAEN HAR STRIPER
SOM ALLE KAN SJÅ,
STRIPETE ER DRAKTA
TIL FENGSELFUGLEN OG.


TELEFONEN

TELEFONEN RINGJER
MAMMA SPRINGER
HO SKRAVLAR I EITT
HEILT TIL PAPPA BLIR LEITT... ;)


UGLA

mørke augo,
rund kropp
sit roleg
heile dagen
i grana i hagen-
Til kvelden kjem
og ho flyg
fjørandelett.


UTELIGGJARAR

Raringen Bubbe
og raringen Jon.
Bubbe var fyllik
og Jon lassaron.
Dei hadde ikkje arbeid
dei hadde ikkje hus,
dei levde eit liv
i sus og rus.

Ja dei hadde ikkje arbeid
dei hadde ikkje hus,
dei levde på gata
blant rotter og mus.


VINDEN

Han kan koma frå nord, sør, aust og vest.
Han likast dårleg av folk flest.
Han ruskar og riv i håret mitt.
Pass deg så han ikkje tek skjegget ditt.
Hans styrkje kan vera orkan og bris.
Og gir gjerne mykje ris...